Se opp for useriøse oppsøkande handverkarar!

Fair Play bygg og anlegg Vestland og A-krimsenteret i Vestland er kjent med at useriøse oppsøkande handverkarar er i regionen. Desse reiser frå hus til hus og tilbyr ulike vedlikehaldstenester som mellom anna maling, spyling av tak, snikkararbeid, vasking og skifte av takstein.

A-krimsenteret åtvarar å ta imot slike tilbod.

Foto: Arbeidstilsynet

🔹️Desse personane går frå dør til dør

🔹️Dei har ofte nedsett pris på tenester som berre gjeld i dag

🔹️Dei ber gjerne om betaling på forskot

Her er nokre punkt på kva som er lurt å sjekke om du skal tilsette handverkarar:

🔹️Alle firma skal vere registrert med eit organisasjonsnummer og vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret i Brønnøysundregistrene. Dette kan sjekkast på brreg.no.

🔹️Be firmaet om å sende ein skatteattest via altinn.no, for å sjå om firmaet har betalt eller skuldar skatt og avgift.

🔹️Skriv avtale på arbeidet som skal utførast og prisen du skal betale.

🔹️Sjekk at arbeidstakarane har HMS-kort. Alle som driv bygge- og anleggsarbeid skal ha HMS-kort frå Arbeidstilsynet. Dette viser kven arbeidaren er og kven som er arbeidsgjevar.

🔹️For å unngå arbeidsgjevaransvar, er det tryggast å engasjere eit firma som har HMS-ansvar og forsikring for sine tilsette. Blir du som oppdragsgjevar sett på som å vere arbeidsgjevar, kan du risikere å bli erstatningsansvarleg for skader som følge av ein arbeidsulykke i din heim.

🔹️Sikre at du kan betale via bank, og etter at du har fått faktura som viser meirverdiavgift. Betalar du handverkarar kontant kan du bli medansvarleg for manglande betaling av skatt og meirverdiavgift frå verksemda.

🔹️Skulle ein likevel takke ja til ein slik avtale, vil vi minne om moglegheita til å bruke angreretten etter angrerettslova (14 dagar frå inngått avtale).

Storaksjon: Her kommer inspektørene på uanmeldt besøk

Arbeidstilsynet stanset tirsdag arbeidet på minst to byggeplasser i Bergen sentrum. Årsaker: Farlige stillaser og ulovlig asbestarbeid.

Tirsdag og onsdag denne uken gjennomfører Arbeidstilsynet (ATIL) storaksjon på bygg- og anleggsplasser i Bergen.

Tilsynsaktiviteten foregår i hovedsak gjennom uanmeldte tilsyn.

– Vi sjekker at det ikke foregår arbeid med fare for liv og helse, bekrefter seksjonsleder Marita Scott i Arbeidstilsynet.

Aksjonen gjennomføres i samarbeid med Regionale verneombud (RVO) og Fair Play bygg og anlegg Vestland.

– Vi er her for å sikre at folk har det bra på jobb. Stort sett blir vi tatt godt imot, sier inspektør Anne Fremsæter (i midten). På Skansen intervjuer hun og rådgiver Marthe Tang en arbeider på Skansen, der alt viste seg å være på stell. Foto: RUNE JOHANSEN

Les hele saken på ba.no